Søknadstal og trendar
I 2023 fekk Patentstyret inn om lag 18 700 søknader, 7,8 prosent færre enn i 2022. Om lag 76 prosent av søknadene kom frå utanlandske søkjarar som ønskjer rettar i Noreg. Talet på patentsøknader var stabilt samanlikna med 2022, medan varemerkesøknadene fall med 9,8 prosent og designsøknadene auka med 14 prosent.
Vi tildelte om lag 17 100 varemerke-, design-og patentrettar. Det er 3 prosent fleire enn i 2022. I tillegg blei om lag 5 600 europeiske patent gjorde gjeldande i Noreg, mot 5 950 i 2022.
Vi publiserer årsrapporten rett over påske, og då kan du lese meir om kva som hende i 2023.
Kor mange av patenta registrert i Noreg er norske? Kven ville bedriftsleiarane spurt dersom dei har spørsmål om IP? Få med deg ferske søknadstal og resultat frå den nyleg utførde bedriftsundersøkinga i nyhetssendinga vår.